|
I tradisjonelt ortodokse land som
Hellas og Russland er dei heilage bileta ikonane
uttrykk for ein århundrelang kyrkjeleg praksis. Blant ortodokse
kristne er ikonkunsten ein integrert del av både gudstenestelivet
og det personlege andaktslivet. Katolikkar med bysantinsk ritus i Ukraina,
Midtausten og Nord-Afrika er meir fortrulege med ikonkunsten enn katolikkar
i den vestlege verda. Men interessa for denne særeigne sakrale kunsten
er aukande blant kristne med ulik kyrkjeleg bakgrunn. Også mange
menneske utan ei bestemt religiøs tilknyting kjenner seg tiltrekt
av ikonane gjerne på grunn av den estetiske uttrykkskrafta
dei representerer.
Det var rapporten om kor vakre gudstenester grekarane feira som gjorde
utslaget då fyrst Vladimir av Kiev i 988 valde den ortodokse kristendomsforma
for landet sitt. Det som er vakkert appellerer til djupe nivå i
menneskesinnet. Kurerane som hadde vore til stades under ei gudsteneste
i Hagia Sofia i Konstantinopel, kom tilbake og fortalde korleis mosaikkane,
songen, røykelsen, ja, heile atmosfæren i dette veldige tempelet
hadde gjort inntrykk på dei: «Vi visste ikkje om vi var i
himmelen eller på jorda. Ein slik herlegdom og venleik finst ikkje
nokon stad på jorda; vi kan ikkje skildra det. Vi visste berre at
der er Gud midt blant menneska.»
Ikon til restaurering
Det greske ordet ikon tyder bilete. Då Gud skapte mennesket, skapte
han det i sitt bilete i sitt ikon. Denne formuleringa seier
noko om at mennesket, i kraft av å vera ein avglans av Guds eige
vesen, har ein eineståande stilling og verdi. Fornuft, vilje og
evnen til å elska er døme på menneskelege eigenskapar
med guddommeleg opphav. Men dette vakre ikonet som mennesket er, vart
formørka i og med syndefallet. Det strålande gullet og dei
sterke, lysande fargane vart dekka av lag på lag med feilsteg i
«tankar, ord og gjerningar». Berre Guds fullkomne ikon
Kristus sjølv kan restaurera dette tilsmussa biletet.
Paulus seier om Kristus at «han er bilete (ikon) av den usynlege
Gud» (Kol 1, 15). Ifylgje denne ikonteologien kan frelse forklarast
som ein restaureringsprosess der mennesket vinn tibake sin tapte herlegdom.
Polens Dronning
Eit bysantinsk ikon av Maria med Jesusbarnet, kjent under namnet Den svarte
Madonna, har ein unik posisjon som åndeleg og historisk samlingspunkt
for polske katolikkar. Det greske tittelen på dette motivet
Guds Mor Hodegetria kan omsetjast med vegvisar eller guide,
og refererer til den spesielle handstillinga som Maria har. Ho held barnet
på sin venstre arm og viser til han med høgre hand. Maria
har eit mildt, sørgmodig andlet. Ho mediterer over inkarnasjonens
mysterium dette uforståelege at Gud var menneske gjennom
henne. Blikket verkar innovervendt, men det søkjer også utover
mot dei som ser på henne og barnet. Maria held vernande rundt sonen
sin samtidig som ho presenterer gudmennesket for verda. Jesusbarnet set
ut som ein vaksen i miniatyr. Han er både sårbart menneske
og allmektig Gud, både Jesus og Kristus. Han held ei bok i venstre
hand og velsignar med den høgre. Ikonet får fram mange ulike
aspekt ved forholdet mellom Maria og barnet som innbyr tilskodaren til
fordjuping og refleksjon. Maria er både ei ung jødisk mor,
opphøgd Gudføderske (Teotokos), Kyrkja si Mor og Polens
Dronning. Den svarte Madonna i Czestochowa er såleis eit godt døme
på korleis eit sakralt bilete kan fungera som åndeleg fokus
for eit heilt folk. Olavsskrinet i Nidarosdomen har hatt ein liknande
funksjon for nordmenn i mellomalderen.
Regelbunden kunst
Ikonkunsten er ein regelbunden kunst både i form og innhald. Ettersom
ikonet er eit visuelt uttrykk for det kyrkja lærer verbalt, arbeider
malaren i samsvar med autoriserte modellar. Slik vert gjenkjenning og
kontinuitet sikra. Eit påfallande trekk ved ikonkunsten er nettopp
at formspråket har endra seg så lite på mange hundre
år. Men eit tradisjonelt motiv kan utførast i mange variantar
og vil alltid bera preg av handlaget til den enkelte malaren.
Ord og bilete
Både eit vennlegare økumenisk klima og meir reising blant
folk flest har ført til at ikonkunsten er blitt meir kjent
også i vårt land. Ei djupare årsak kan vera erkjenninga
av at trua treng eit konkret, sansbart uttrykk. Kyrkja har arbeidt kontinuerleg
i 2000 år for å gje den kristne bodskapen ei sann og aktuell
form i takt med vekslande tider og behov. Utkrystalliseringa av dogmene
avspeglar behovet for å markera kva Kyrkja trur og ikkje
trur. Men ettersom mysteriet unndreg seg forklaring, kan dogmene aldri
gje eit dekkande framstilling av det kristne trusinnhaldet. Som kjent
har biletkunsten tilliks med arkitekturen og liturgien
utvikla seg ulikt i Aust- og Vestkyrkja. Årsakene til dette er mange
og kompliserte. Når nettopp ikonkunsten har fått ein så
sentral posisjon i den ortodokse kyrkja, er det fordi ikonane vert forstått
som autoritative, visuelle uttrykk for den ortodokse (den rette) læra.
Ikonane vert tilkjent kanonisk status i den grad dei samsvarar med Skrifta
og Tradisjonen. Synssansen er likestilt med høyrselssansen Trua
kan formidlast både ved hjelp av ord og bilete. Teologien og ikonografien
utfyller kvarandre. Den store kyrkjelæraren og ikonforsvararen Johannes
av Damaskus (ca 675749) hevdar at «slik ord oppbyggjer øyra,
slik stimulerer biletet auga».
Ikonoklasmen
Under den bysantinske biletstriden (ikonoklasmen) på 700-talet utarbeider
Johannes av Damaskus ein eigen ikonteologi der han tilbakeviser argumenta
til biletstormarane punkt for punkt.
Dei mest alvorlege innvendingane mot den figurative kunsten er biletforbodet
i Det gamle testamentet og faren for avgudsdyrking. Det strenge mosaiske
biletforbodet har bakgrunn i ei gudsfortåing som både jødar
og kristne har felles nemleg at Gud er absolutt suveren overfor
skaparverket. Sidan Gud
er transcendent og usynleg er han også utilgjengeleg og ubeskriveleg
fylgjeleg kan han heller ikkje usynlege Gud ei form vil mislukkast i utgangspunktet.
Ei slik form er eit falsum og ein reduksjon av Guds majestet. Johannes
av Damaskus understrekar dette poenget når han skriv at «dersom
nokon skulle våga å laga eit biletet av den immaterielle,
lekamslause, usynlege, formlause og fargelause
guddommen, avviser vi det som falskt».
Inkarnasjonen
Gud vil alltid vera større enn det nokon kan tenkja ut. Difor er
mennesket avhengig av at Gud sjølv røper kven han er. Og
det gjer han i og med inkarnasjonens mysterium. Då Gud let seg føda
som eit lite barn, let han seg frivillig avgrensa i tid og rom og gjorde
seg sansbar fylgjeleg kan han
også avbildast. I sitt forsvar for ikonane peikar Johannes av Damaskus
på at Kristi kome til jord skaper ein heilt ny situasjon som gjer
det både legitimt, ynskjeleg og prisverdig å laga bilete av
den inkarnerte Gud:
«Difor teiknar eg modig eit bilete av den usynlege Gud, ikkje som
usynleg, men som ein som har vorte synleg for vår skuld ved å
ta del i kjøt og blod.»
Når ikonforkjemparane vert skulda for avgudsdyrking, svarar Johannes
ved å visa til ei utsegn av kyrkjelæraren Basilios den Store:
«Heideren gjeven til biletet vert overført til prototypen.»
Eit ikon av Kristus er heilagt i kraft av at det viser til Kristi person
han som er opphavet til alt heilagt. Guds Mor Maria og helgenane får
sin glans frå denne guddommelege lyskjelda. Gjennom sitt heilage
liv viser dei tilbake til han som er fullkomen sann, god og vakker. Difor
er det rett å visa ikonane heider,
medan tilbeding berre tilkjem Gud.
Eit ikon er ein materiell gjenstand som refererer til ein åndeleg
realitet. Men som alt anna, kan også eit ikon misforståast
eller misbrukast. Ikonet kan reduserast til å verta eit investeringsobjekt
eller inngå som eit estetisk objekt på linje med andre vakre
gjenstandar. Dersom ikonet vert oppfatta som berre interessant i seg sjølv,
eller vert tillagt magiske eigenskapar, misser det sin symbolfunksjon
og står i fare for å verta eit idol (ein avgud) istaden.
Materien
Kampen for ikonane er også ein kamp for andre grunnleggjande sider
ved den kristne trua. Ikonstriden avspeglar ulike syn på materien
og dermed også på skaparverket, inkarnasjonen, sakramenta
og den lekamlege oppstoda. Tendensen til å setja det åndelege
opp mot det materielle vert sterkt imøtegått av Johannes.
Inkarnasjonen er det fremste dømet på at Gud brukar materien
når han meddeler seg til menneska. Sakramenta er materielle teikn
som vidarefører Guds nedstiging i materien. Eit ikon er ikkje eit
sakrament, men det har sakramentale eigenskapar ettersom det er ein materiell
gjenstand som formidlar åndelege sanningar: Johannes av Damaskus
uttrykkjer denne
tanken slik: «Eg tilber ikkje materien; eg tilber materiens Skapar
som vart materie for mi skuld, som ville ta bustad i materien, som fremja
mi frelse gjennom materien.»
Mikrokosmos
I den ortodokse kyrkja er ikonkunsten ein integrert del av gudstenestelivet.
Sjølve liturgien er å forstå som eit ikon av den himmelske
liturgien og den forrettande presten er eit ikon av Øvstepresten
Kristus som gjer presteteneste i himmelen.
Kyrkja er eit stort tredimensjonalt ikon eit mikrokosmos utforma
som eit hierarkisk ordna univers. Ei fullt utsmykka ortodoks kyrkje er
dekorert frå kuppelen og nedover mot golvet med veggmaleri eller
mosaikkar. Øvst oppe i kuppelen tronar Kristus Pantokrator
Allherskaren. Der er som om universets Herre ser ned på kyrkjelyden
frå himmelen.Han er innskriven i ein sirkel og omgjeven av englar.
I trommelen er gjerne profetar avbilda, medan dei fire evangelistane er
plasserte i dei fire felta som dannar overgangen til veggene. Der finn
vi 12 ulike scenar frå Jesu liv som tilsvarar det største
festane i løpet av kyrkjeåret. Dersom plassen tillet det,
kan motiv frå Marias liv eller framstillingar av helgenar opptre
lenger nede. Den figurative utsmykkinga sluttar i skulderhøgd.
Slik vert det tydeleg at dei nolevande menneska - som sjølve
er «ikonar» vert del av eit fellesskap som sprengjer
tid og rom når dei stig inn i kyrkja.
Skiljet mellom koret og skipet er markert av ein biletvegg
ein ikonostase - som inneheld fleire rekkjer med nøye utarbeidde
motiv.
Åndeleg fokuseringspunkt
Mange har erfart kor verdfullt eit fotografi kan vera ved tapet av ein
kjær person. Fotografiet minner om den avdøde og gjer vedkomande
i ein viss forstand nærverande. Eit ikon har også denne påminningsfunksjonen,
og det eignar seg godt som meditasjonsbilete. Kristi andlet kan vera ei
hjelp til å fokusera på det viktigaste i det åndelege
livet.Ved hjelp av formale verkemidlar som gullbakgrunn, frontalitet,
rangperspektiv og omvendt perspektiv skal ikonet minna om eit guddommeleg
nærvær.
Gullet symboliserer det strålande lyset som spring fram frå
Guds eige vesen. Kristus, Maria og dei heilage er gjennomtrengt av dette
lyset. Kristus omtalar seg sjølv som «verdens lys»,
og Gud vert kalla «lysets Far». Lyset kjem alltid innanfrå
på eit ikon, difor har det ingen slagskuggar.
Frontalitet og blikkontakt indikerer nærvær. Det å vera
heilt og fullt til stades i noet er ein guddommeleg eigenskap som ofte
vert avspegla i måten den heilage personen framstår på.
Rangperspektiv vil seia at den viktigaste personen i biletet er sentralt
plassert og overdriven stor i forhold til bipersonane. I eit ikon av Jesu
fødsel kan Jesusbarnet verka merkeleg langt utvikla til å
vera ein nyfødd baby! Og Maria er gjerne dobbelt så stor
som Josef.
Omvendt perspektiv er eit anna verkemiddel som understrekar at den avbilda
personen tilhøyrer Guds rike ein dimensjon som er fullkomen
og uendeleg. Dei skrånande linjene kjem utanfrå, frå
eit uendeleg rom bak den avbilda personen. Perspektivlinjene møtest
dermed hos tilskodaren og ikkje på sjølve biletflata slik
tilfellet er i eit foto eller eit naturalistisk maleri. Tilskodaren kontrollerer
ikkje den verda han ser inn i, men opplever sjølv å bli møtt
og sett på.
|