 |
Det var fullsett på Kafe Vest, Kalvåg,
tysdag, då debutforfattaren Solveig Nes presenterte den nyutgjevne
boka si "Oppvekst ved havet". Det er ikkje dagleg forfattarar
frå Bremanger gjev ut bøker, men når bokdebutanten
attpåtil fyller 80 år, må det seiast å vere eit
særhende. I boka si gjev Solveig Nes, frå Steinset på
Kalvåg, ei realistisk og gripande skildring av dagleglivet og levekåra
på øysamfunnet fram til ho flytta derifrå som attenåring
i 1938.
Slekt, vener og gamle kjende strøymde til og det vart aldeles stappfullt
på Kafe Vest på Kalvåg tysdag, då Solveig Nes,
fødd Håøy, presenterte den nyutgjevne boka si "Oppvekst
ved havet. Levekår i eit øysamfunn i Sunnfjord". Det
var dotter til Solveig, Solrunn Nes, som ynskte velkomen, presenterte
og las utdrag frå boka til mor si. Solrunn, som er kunsthistorikar,
har hjelpt til med språket, samla inn bilete og har teke hand om
utgjevinga av denne så vakre boka.
Den nytilsette kultursjefen i Bremanger, Claus Røynesdal, sa mellom
anna i helsinga til forfattaren at boka er ei historisk kjelde, ei levande
skildring av ei tid som ikkje ligg så langt attende i år,
men der livet var så totalt annleis enn i dag.
Per Røys takka på vegne av Kalvåg Bygdelag forfattaren
for at ho med denne boka så glimrande har teke vare på lokalhistoria
for ettertida.
Dette er kulturhistorie, sa Røys.
Åtti år og debutant
Bokdebutanten fyller 80 år 30. august og har førstehandskjennskap
til miljøet ho så levande skildrar i boka si. Solveig Nes
er fødd i stova på Håøy og oppvaksen på
Steinset. Ho var nummer to i ein syskenflokk på ni. Det var eit
liv i tronge økonomiske kår, men rikt på slektskjensler
og samhald.
I forordet til boka seier forfattaren mellom anna: "Sjølv
om oppveksten min ytre sett var prega av fattigdom og hardt slit, kjenner
eg at erfaringane frå den tida har gjort meg rik. Eg var omgjeven
av mange sysken, trugne foreldre og besteforeldre. Vi hadde ingen maskiner
som letta arbeidet, reiskapane var heimelaga og alt arbeidet gjort for
hand. Men vi var i lag om det daglege strevet, og naturhushaldet gav eit
nært forhold til dyra, garden og sjøen.
Samhald og gudstru skapte tryggleik. Når eg ser attende på
livet mitt, er det som om eg har levd i fleire generasjonar. Det er eit
langt sprang frå 1920 til år 2000. Omveltningane i samfunnet
har vore gjennomgripande."
Ei bok for alle
I boka fortel Solveig Håøy Nes levande om barndom og oppvekst.
Borna tok leiken med i stellet av høner og geiter, såleis
lærde dei seg å arbeide frå dei var ein neve stor. Skuledagar
vart rekna som fridagar. Tuberkulosen herja, lisjebroren døydde
av tæring, fire i syskenflokken vart smitta. Naboar og slektningar
kom bort på sjøen. Det var sorg, fattigdom og slit, men også
høgtid og mykje å gleda seg over for ei lita jente. Gjennom
forteljingane frå besteforeldre og foreldre, får ein eit innblikk
i livet her på Vestlandskysten slik det må ha vore i hundrevis
av år.
Dette er Solveig Nes si historie, men det var slik folk flest hadde det
i førkrigstida, difor er dette ei bok som vedkjem alle, ikkje berre
slekt og kjenningar på Kalvåg.
Boka er velskriven, interessant og lett å lese. "Oppvekst ved
havet" av Solveig Nes er å få kjøpt hjå
bokhandlar rundt i distriktet og i Sparebanken Flora - Bremanger sine
filialar.
|