Bøker | |||
Solrunn Nes Kr. 250, |
Solrunn Nes
|
Solveig Nes
|
|
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Innanfor den rike bilettradisjonen i Austkyrkja representerer Jesu forklåring
på berget eit motiv med særleg fortetta meiningsinnhald. Formålet
med å studera dette motivet, som også vert kalla Transfigurasjonen,
er å få betre innsikt i samanhengen mellom ikonografisk framstilling
og teologisk tolking. |
Ikonkunsten har estetiske og symbolske kvalitetar som appellererer til
mange menneske i vår tid. Boka inneheld stoff om idéhistorisk
bakgrunn, teknikk, funksjon, form og teologisk meiningsinnhald. Solrunn
Nes tek utgangspunkt i eigne arbeid når ho presenterer og tolkar
ei rekkje konvensjonelle ikonmotiv. |
Garden Steinset ligg i havgapet på
vestsida av Frøyøya i Ytre Sunnfjord, midt mellom Stadt og
Florø. I denne boka gjev Solveig Nes (f. Håøy 1920)
ei nøktern framstilling av korleis det var å vekse opp i ein
storfamilie i dette fattige øysamfunnet i mellomkrigstida. Gjennom person- og miljøskildringane får lesaren innblikk i ein livsform som berre dei eldste frå desse kyststroka har erfart og kan fortelje om. Boka har innslag av slektsbiografi, levekårs-skildringar og folkeminne basert på ein levande munnleg tradisjon. Når forfattaren fortel vidare det ho har høyrt av sine eigne besteforeldre, strekkjer erindringane seg tilbake til midten av 1800-talet. Fleire episodar frå sjøen er gjengjevne på dialekt. Det same gjeld uttrykk om vêrforhold, stadnamn og ulike hermingar. Mange av desse uttrykka vil gå ut med den eldste generasjonen. Boka er rikt illustrert med fotografi av aktuelle personar, landskap, reiskapar og arbeid på sjø og land. Solveig Nes bur på garden Nes ved Norheimsund i Hardanger. |
|
"Ikonenes stiliserte skjønnhet, hellige skikkelser
i verdig alvor mot strålende bakgrunn av gull, kan innby enhver
til kontemplasjon, også om man ikke er fortrolig med de strenge
krav til innhold og form som ikonene er underlagt." |
|||
Omtale "Vårt Land" | Omtale
"Bergens Tidende" Omtale "Stavanger Aftenblad" Omtale "Vårt Land" |
||
Dersom du ynskjer å kjøpa
nokre av desse bøkene, kan du ta kontakt her med navn, adresse og telefonnummer. |
Tilbake | Neste |