Books
 

Solrunn Nes
DET USKAPTE LYSET
Ein ikonografisk studie
av Transfigurasjonsmotivet i Austkyrkja

Solum Forlag (1995) 172 sider
ISBN 82-560-0979-9

Kr. 250,–

Solrunn Nes
MYSTERIETS FORMSPRÅK
Alma Mater / Fagbokforlaget (2000) 112 sider
ISBN 82-560-0979-9



Kr. 268,–

Solveig Nes
OPPVEKST VED HAVET
Levekår i eit øysamfunn i Sunnfjord

Forleggar: Solrunn Nes (2000) 128 sider
ISBN 82-995633-0-5


Kr. 240,–

 

Innanfor den rike bilettradisjonen i Austkyrkja representerer Jesu forklåring på berget eit motiv med særleg fortetta meiningsinnhald. Formålet med å studera dette motivet, som også vert kalla Transfigurasjonen, er å få betre innsikt i samanhengen mellom ikonografisk framstilling og teologisk tolking.

Ikonkunsten har estetiske og symbolske kvalitetar som appellererer til mange menneske i vår tid. Boka inneheld stoff om idéhistorisk bakgrunn, teknikk, funksjon, form og teologisk meiningsinnhald. Solrunn Nes tek utgangspunkt i eigne arbeid når ho presenterer og tolkar ei rekkje konvensjonelle ikonmotiv.

Garden Steinset ligg i havgapet på vestsida av Frøyøya i Ytre Sunnfjord, midt mellom Stadt og Florø. I denne boka gjev Solveig Nes (f. Håøy 1920) ei nøktern framstilling av korleis det var å vekse opp i ein storfamilie i dette fattige øysamfunnet i mellomkrigstida.

Gjennom person- og miljøskildringane får lesaren innblikk i ein livsform som berre dei eldste frå desse kyststroka har erfart og kan fortelje om. Boka har innslag av slektsbiografi, levekårs-skildringar og folkeminne basert på ein levande munnleg tradisjon. Når forfattaren fortel vidare det ho har høyrt av sine eigne besteforeldre, strekkjer erindringane seg tilbake til midten av 1800-talet.

Fleire episodar frå sjøen er gjengjevne på dialekt. Det same gjeld uttrykk om vêrforhold, stadnamn og ulike hermingar. Mange av desse uttrykka vil gå ut med den eldste generasjonen. Boka er rikt illustrert med fotografi av aktuelle personar, landskap, reiskapar og arbeid på sjø og land.
Solveig Nes bur på garden Nes ved Norheimsund i Hardanger.

"Ikonenes stiliserte skjønnhet, hellige skikkelser i verdig alvor mot strålende bakgrunn av gull, kan innby enhver til kontemplasjon, også om man ikke er fortrolig med de strenge krav til innhold og form som ikonene er underlagt."

Bergens Tidende

  Omtale "Vårt Land" Omtale "Bergens Tidende"
Omtale "Stavanger Aftenblad"
Omtale "Vårt Land"

Intervju "Bergens Tidende"
Artikkel "Fjordenes Tidende"

  Dersom du ynskjer å kjøpa nokre av desse bøkene,
kan du ta kontakt her med navn, adresse og telefonnummer.
  Tilbake Neste