 |
Dei siste åra har interessa for den kyrkjelege ikonkunsten auka
på. Etter kvart er det også fleire norske kunstnarar som har
vigd seg til denne tradisjonen. Solrunn Nes frå Hardanger er ei
av dei; ho har kombinert studiar i Aten og Finland med eit kunsthistorisk
hovudfagsarbeid i emnet, og arbeider både som kunstnar og kunsthistorikar.
No har ho gjeve ei kortfatta, men svært innhaldsrik framstilling
av dette stoffet i boka Mysteriets formspråk. Ho presenterer
den dramatiske historia til ikonkunsten, og den teologiske refleksjonen
som ligg bak den. Og ho gjev eit breidt oversyn over motivkrinsane og
kva dei ulike detaljane i bileta tyder. Som boktittelen seier, dreier
dette seg i høgste grad om eit eige formspråk, og skal ein
få tak i meininga med ikona, må ein kjenna dei fastlagde tydingane
dette språket har.
Det er inga overdriving å kalla denne delen av kunsthistoria dramatisk.
I striden mellom ikonoklastane (som ville knusa bileta, som ordet tyder)
og dei som forsvara bileta, gjekk ein så langt som til krigføring.
Utgangspunktet for striden var biletforbodet i Det gamle testamentet,
der det heiter at ein ikkje skal gjera seg noko bilete av det som er i
himmel eller på jord, og ikkje tilbe slike.
Dette dreier seg om eit forbod mot avgudsdyrking, og ein frykta at ikona
skulle bli avgudsbilete. Nes gir eit fyldig referat av argumenta i den
andre retninga. Det viktigaste argumentet er at Gud ved å bli menneske
(inkarnasjonen) har gått inn i det synlege, og at ein difor kan
laga bilete av det skapte som avspeglar det uskapte. I tillegg innførte
ein eit skilje mellom å æra bileta og helgenane, og å
tilbe Gud og han åleine. Ut av biletstriden kom det mykje skarpsindig
teologisk refleksjon.
Dei ulike ikonmotiva går inn i ei teologisk heilskapsforståing,
og det er alltid interessant å sjå denne i forhold til kyrkjerommet.
Dei ortodokse kyrkjene har gjerne ein kuppel øverst, der treeininga
er symbolisert. Under dette kjem 12 faste situasjonar frå Jesu liv,
som symboliserer at Gud har stige ned i det menneskelege. Under dette
kjem helgenbileta, som avspeglar kyrkja sitt liv på jorda. Desse
går ned dit kyrkjelyden sit, slik at ein så å seia stig
inn på det nederste trinnet av det heilage når ein kjem inn
i kyrkja. Samstundes er gangen i frelsesdramaet avspegla horisontalt i
kyrkja, frå inngangspartiet og fram til alteret, gjerne med Maria
som formidlaren mellom det himmelske og det jordiske, ved at ho som jordisk
kvinne fødde den himmelske.
Eg nemner dette som døme på samanhengar Nes teiknar opp i
boka.Vidare går ho gjennom motiv for motiv, og forklarar kva dei
ulike detaljane tyder: posisjonen til hendene, fingrane, måten bøkene
blir haldne på, bruken av greske bokstavar osv. Ikonkunsten er ikkje
tenkt til å skapa frie assosiasjonar; den har eit høgt utvikla
teiknsystem som ein må kjenna til for å få tak i tankegangen
bak. Så kan ein naturlegvis få heilt personlege opplevingar
med denne kunsten i tillegg.
Kva så med ikonkunstnaren, har han eller ho noko personleg eller
originalt på hjarta? Problemstillinga er i ein viss forstand uhistorisk.
Dei som skapte ikonkunsten, hadde nok først og fremst eit sterkt
medvit om at dei skulle gjera synleg kyrkja si lære, openberringa
av det heilage. Dei sette også bort ein del av arbeidet til assistentane
sine. Dei var ukjende med den moderne forståinga av kunsten som
eit djupt personleg og originalt uttrykk.
Men for ein kunstnar som Solrunn Nes, som malar ikonar i dag, blir dette
annleis. For henne er sjølvsagt valet av nettopp denne tradisjonen
som ho fylgjer svært lojalt uttrykk for eit personleg
syn, og i ein viss forstand eit originalt val. Og boka hennar gjev eit
godt inntrykk av arbeidet, ho har illustrert heile gjennomgangen med sine
eigne ikon. Ho har til og med vist fotografisk heile arbeidsprosessen,
med detaljerte opplysningar om materialval og metodar. Den fotografiske
kvaliteten er høg, og boka illusterer dermed eit viktig teologisk
poeng i ikonkunsten: at det vakre på sin eigen måte fortel
noko om det heilage.
|