OM DEI HEILAGE IKONANE
Sitat frå kyrkjefedrane


Men framfor alt må sjela sine auge vera feste på Kristus som, lik ein god malar, malar i dei som trur på han og stadig ser på han, eit portrett av det himmelske menneske, i hans eige bilete, ved hjelp av Den Heilage Ande, ut av sjølve substansen i hans useielege lys.

Makarios av Egypt (ca 300 – ca 390)



Sjela vert fylt av kjærleik til det som etter sin natur er vakkert. Sjela vert stadig dregen av vona, frå det synleg vakre til det som ligg på den andre sida, og i sin iver etter å sjå det som er løynt, vert ho oppeldna av det ho allereie har sett. Den som ihuga elskar det vakre, tek imot det som alltid syner seg for han som eit bilete av det han lengtar etter, men lengtar samstundes etter sjølv å verta fylt av urbiletet.

For den som verkeleg er blitt forma etter Guds bilete og aldri har vendt seg bort frå den guddommelege preginga, og som ber i seg dette biletets kjenneteikn og i alt syner sin likskap med urbiletet, han smykkar si sjel med det som er uforgjengeleg, uforanderleg og fritt frå all vondskap.

Når då malarane overfører menneskelege former til bileta sine ved hjelp av visse fargar, ved å leggja på kopien passande og korrekte fargetonar, slik at det vakre i originalen kan verta nøyaktig overført til det som liknar, så ville eg ha deg til å forstå at Skaparen vår også malar portrettet slik at det skal likna hans eigen venleik, ved å leggja til dydar, som om det var med fargar, syner sin eigen suverenitet i oss: og mangfoldige og varierte er fargetonane (...) som hans sanne form vert portrettert ved: ikkje raudt, eller kvitt, eller ei blanding av desse, (...), heller ikkje ein snev av svart som malar augnebryna og auga, (...) og alle slike kunster som malaren si hand får til, men istaden for desse, reinleik, fridom frå attrå, sæle, framandgjering frå all vondskap, og alle desse attributta av liknande slag som hjelper å forma Guds likskap i mennesket: med slike fargar prega Skaparen vår natur med sitt eige bilete.

Gregor av Nyssa (ca 335–394)


Heideren gjeven til biletet vert overført til prototypen.

Basil den Store (329–373)


Kunstnarar teiknar først omrisset til eit menneske i ein farge, og legg deretter ein farge til ein annan, til dei litt etter litt har fanga likskapen til subjektet ned til dei minste detaljar. På same måten byrjar Guds nåde ved å laga om att det guddommelege biletet i mennesket til det det var då det først vart skapt. Men når han (nåden) ser oss lengta med heile vårt hjarta etter det vakre i den guddommelege likskapen og vi står audmjukt nakne i hans atelier, då ved å la ein dyd etter ein annan koma i blomst og lyfta det vakre i sjela “frå herlegdom til herlegdom” (2. Kor. 3, 18), malar han den guddommelege likskapen på sjela. (...)
I portettkunsten, når den fulle skalaen av fargar er lagd til omrisset, fangar malaren likskapen til subjektet, jamvel ned til smilet. Noko liknande hender med dei som vert malte om att ved Guds nåde i den guddommelege likskapen: når kjærleikens lys vert lagt til, er det tydeleg at biletet er blitt heilt omforma til det vakre i likskapen.

Diadochos av Photiki (ca 400 – ca 486)


Eg tilber ikkje skapningen heller enn Skaparen, men eg tilber han som vart ein skapning, som vart forma slik eg vart, som kledde seg i skapningen utan å svekka eller koma bort frå sin guddom, slik at han kan heva vår natur i herlegdom og gjera oss til deltakarar i hans guddommelege natur. (2. Pet. 1, 4) (...)
Difor teiknar eg modig eit bilete av den usynlege Gud, ikkje som usynleg, men som ein som har vorte synleg for vår skuld ved å ta del i kjøt og blod. Eg teiknar ikkje eit bilete av den udøyelege guddommen, men eg malar biletet av Gud som vart synleg i kjøtet.

Korleis kan det usynlege avbildast? Korleis lagar ein eit bilete av det uforståelege? Korleis kan ein teikna det grenselause, umålelege, uendelege? Korleis kan ei form gjevast til det formlause? Korleis malar ein det lekamlause? Korleis kan du skildra det som er eit mysterium? Når du tenkjer over at Gud vart menneske, er det innlysande at du kan avbilda han kledd i menneskeleg form. Når den usynlege vert synleg i kjøt, då kan du teikna hans likskap.

Vi brukar alle sansane våre for å skapa verdige bilete av han, og vi helgar den edlaste av sansane, som er synet. For slik ord oppbyggjer øyra, slik stimulerer biletet auga. Det boka er for den lærde, er biletet for den ulærde.

Den brennande busken var eit bilete på Guds Mor, og då Moses nærma seg, sa Gud, “Kom ikkje nærare, ta skorne av føtene dine, for staden du står på er heilag grunn.” (2. Mos. 3, 5) Dersom jorda der Moses såg eit bilete av Teotokos (Gudføderska) er heilag grunn, kor mykje meir heilagt er sjølve biletet?

Kva er eit bilete?
Eit bilete er ein likskap eller ein modell eller ein figur av noko som syner seg sjølv i det det avbildar. Eit bilete er ikkje alltid lik prototypen på alle måtar. For biletet er ein ting, og tingen som er avbilda er ein annan; ein kan alltid leggja merke til skilnader mellom dei, sidan den eine ikkje er den andre og omvendt.

Faderens Son er det første naturlege og presist like biletet av den usynlege Gud, for han openberrar Faderen i Sin eigen person. “Ingen har nokon gong sett Gud,” (Joh. 1, 18) (...) Apostelen seier at Sonen er biletet av Faderen: “Han er bilete av den usynlege Gud” (Kol. 1, 15), og til hebrearane seier han: “Han er ei utstråling av Guds herlegdom og biletet av hans vesen.” (Hebr. 1,3) (...) Sonen er Faderens naturlege bilete, heilt lik Faderen på alle måtar, bortsett frå at han er fødd av Faderen, som ikkje er fødd.

I opphavet fødde Gud sin einaste Son, sitt Ord, det levande biletet av han sjølv, (...) Og han skapte mennesket etter sitt eige bilete og i sin eigen likskap. (...)

Vi heidrar bilete; det er ikkje ein heider gjeven til materie, men til dei som er portretterte gjennom materie i bileta. All heider gjeven til eit bilete vert overført til prototypen, som den heilage Basilios seier.

Johannes av Damaskus (ca 675–749)