ARTIKKEL
Kristoffer Foldøy
Ostringen, november 1994
Dyrebar skatt på veg attende (I)


Materiell velstand og svært så oppdatert puls i kvardagen til trass: Det moderne mennesket har teke til å leita etter rotfestet sitt for ikkje å koma ut av likevekt. Interessa for slektsgransking, folkemusikk, lokalhistorie og liknande viser dette. Og det er på høg tid: mykje av for tida er i ferd med å gå tapt for oss.
Kyrkjene burde vera ein stad utanfor tida. I det ligg ikkje at dei skal stengja ute samtida. Tvert om. I møtet med fortida burde samtidsmennesket der kunna sansa det evige på fleire plan. Desverre har ivrige «modernistar» frå tid til annan herja i dei bygga òg, slik at fortida er blitt borte. Særleg ille var det i siste halvdel av førre hundreår. Vegen attende, som vi prøver å finna bak overmaling og ombygging, er ikkje alltid like enkel å spora opp. Dette skal handla om eit sentralt objekt som er på veg tilbake.

BYRJINGA
Ein gong på 1300-talet vart det sett inn eit stort bilete i Hamre kyrkje. I dag kallar vi slike bilete for antemensaler. Det tyder «bilete framom alteret». For det var der dei stod, som ein skjerm inntil framsida av alteret. Dei var omlag like vanlege som altertavlene i dag – det var mellomalderen sine altertavler.
I kyrkja si første tid nytta ein berre eit enkelt bord til alter. Seinare vart det meir forseggjort, med duk og lys og etterkvart symbol på framsida. Presten stod bak alteret, slik at han heile tida stod med andletet vendt mot kyrkjelyden.
Det første biletet vi høyrer om som blir sett opp framom alteret, kjem i Italia i 734. Skikken må ha blitt vanleg etterkvart. I 1127 har Sigurd Jorsalfare med seg eit slikt bilete heim frå Konstantinopel. Kanskje har dette arbeidet gjeve inspirasjon til den store norske produksjonen i århundra etter.

HISTORIA
Frå omlag 1350 til 1906 stod bilettavla framom alteret i Hamre kyrkje. Då vart det «oppdaga» av B. E. Bendixen, som reiste rundt og skreiv om kyrkjene i området. Han skriv som om han har gjort ei arkeologisk oppdaging: – På sin opprinnelige plass, på alterets forside, men skjult av det side, like til gulvet rekkende alterklede, stod festet et antemensale av tre. Den nuværende kirke er sikkert oppført på den gamle plass, og man har da latt det katolske stenalter med sitt smykke bli stående. Tavlen er sterkt medtatt, og inne i kledet lå stykker av den fine gips, hvormed det var overtrukket. (Kirker i Søndre Bergenhus 1904).
Straks etter kjem det ein søknad frå Bergen Museum om å få overta biletet. Kyrkjetilsynet i Hamre går einstemmig inn for det ... «for at det på forsiden av alteret i Hammer kirke anbragte antemensale skal sikres mod ødeleggelse...».
Nokon kopi kom det aldri til kyrkja. I kyrkjetilsynet si møtebok for 1907 står det at dei ventar på skisser og kostnadsoverslag. Så er ikkje saka bokførd seinare. Men i «Gula Tidend» kunne ein 29. august 1919 lesa: – Antemensalet som hang i Hamre kyrkje var det siste som fanst på sin rette stad her i landet. Me vart då samde om at museet burde vera med å kosta ein kopi. Det gale i dette var ikkje berre biletet i seg sjølv, men det stod som ein arv frå fortida, ein serleg norsk kyrkjesed. Rasmus Meyer ville vera med å kosta kopien. Urdi, 7. august, Olav Rusti.
Av ein eller annan grunn vart det heller ikkje gjort noko meir etter dette utspelet. Neste gong antemensalet vert nemnt er i samband med restaureringsarbeidet i kyrkja 1948–1950. Arkitekt Konow Lund såg helst at ein kopi kom til kyrkja: – Antemensalet på Bergen Museum er så ødelagt at det vanskelig lar seg rekonstruere. Men man kan selvsagt be Seter om et forslag. Det vil jeg hermed anbefale.
Slik vart det heller ikkje. Antageleg ville arbeidet verta for omfattande. I staden sette dei opp eit enkelt finert trealter over steinalteret, som står slik framleis.

REKONSTRUKSJONEN
No ser det likevel ut til at vi får vera med og skriva eit nytt og siste kapittel til denne historia. Under bispevisitasen sist vinter vart dåverande biskop Per Lønning gjort merksam på tilhøvet med det gamle steinalteret og antemensalet som hadde stått der. Han meinte det ville vera ei betre løysing for alter-området om ein fekk fram det gamle alteret og sett ein kopi av antemensalet framom.
Sidan har det vorte arbeidd med dette. Hamre sokneråd er no prosjektansvarlege. Riksantikvaren har sagt ja til prosjektet, så sant kopien vert utført på ein måte som er tilfredsstillande. Og det arbeidet er i desse dagar i ferd med å ta form. Eit stort arbeid er alt lagt ned i å finna tilbake til korleis det gamle biletet såg ut. Ein må vera særs kjend med mellomalderen sitt biletspråk for å kunna gjenskapa motiva som er så øydelagde på originalen.
Solrunn Nes, som har teke dette på seg, har sett seg grundig inn i det bevarte materialet vi har av antemensaler frå denne perioden. Mange av motiva går att frå tavle til tavle. Ved å samanlikna det bevarte på Hamre-antemensalet med motivkrinsen som høyrer tavlene til, veks det no fram eit bilete som i seg sjølv er eit kunstverk, og som historisk dokument er ein skatt.
Førebels er arbeidet på skisseplanet. Det er eit svært arbeid. I midten er det eit hovudfelt med Maria og barnet. På kvar side er det fire felt, altså tilsaman åtte, som viser hendingar frå Jesu barndom. Tilsaman vert arbeidet ein heil bilet-Bibel, i gotisk stil med gull og klåre fargar. Om innhaldet i dei enkelte motiva og måten Solrunn Nes arbeider på, skal eg koma tilbake til i ein seinare artikkel.Dyrebar skatt på veg attende (II)
Kristoffer Foldøy
Ostringen, desember 1994

  Ostringen, desember 1994
Dyrebar skatt på veg attende (II)
  Å gripa inn med forandringar i ei kyrkje er ein alvorleg operasjon. Nettopp det uforanderlege er noko av det som kjenneteiknar kyrkjene. Tider og motar skiftar, medan kyrkja er den same. Ikkje alle har etterlevd ein slik tanke. Spesielt i siste halvdel av 1800-talet vart mykje gjort for å gjera kyrkjene «tidsmessige». Også Hamre kyrkje fekk føla tidskravet. Men alt kring 1930 var stemninga snudd, og ein ynskte tilbakeføring.
Denne kom 20 år seinare. Etter beste evne prøvde ein då å tilbakeføra kyrkja til slik ho var midt på 1600-talet. For mange virka den nyrestaurerte kyrkja framand, og det gjekk nok ei tid før kyrkjelyden vende seg til det nye, som eigenleg var det gamle. Når det no er arbeid i gang med å få sett inn «nytt» bilete opp framom alteret, er det heilt naturleg at ein også i dette tilfelle treng tid til å venja seg til det. Spesielt sidan alterstaden er den mest sentrale i heile kyrkjebygget.
Biletet stod i kyrkja i omlag 650 år, og har no vore borte i 88. Det gamle biletet vil derfor verta nytt for heile kykjelyden. Lat oss no ta ein gjennomgang, bilete for bilete, og sjå kva innhaldet er.

HOVUDMOTIVET: MARIA OG BARNET
Antemensalet som i størrelse dekkjer framsida av alteret i Hamre kyrkje har eit hovudmotiv og åtte sidemotiv. Hovudmotivet er plassert akkurat i midten (1). Det viser Maria og Jesus-barnet. Personane er framstilt større her enn på sidemotiva. Maria sit på ei pute inne i eit troneliknande oppbygg. Barnet står på fanget hennar. Dei to ser mot kvarandre. Maria har krone på hovudet og ein blome i handa. Barnet velsignar mor si.
Mellomalderkunst, som alle andre kunstnarlege uttrykk, lyt ein ikkje ta for overfladisk på. Det vi trur vi ser, kan ofte vera noko anna, og noko mykje meir. Sidan Maria sit på ei trone og har krone, er ikkje dette berre eit tidsbilete frå Jesu første leveår. I bakgrunnen ser vi det himmelske Jerusalem, og Maria er krona som himmeldronning.
Jesus er ikkje berre ein baby. Maria har omsorg for sonen sin, som velsignar henne tilbake. Det er Guds Son som står det på fanget og utstrålar kjærleik og mynde. Men det er meir også. Maria er i tillegg til mykje anna også eit symbol på kyrkja. Jesus-barnet er bilete på Gud som vart menneske. Gjennom brødet og vinen i nattverden får alle ta del i dette underet. Jesus er altså også eit symbol på nattverden. Då Maria og barnet stod plassert slik i 650 år, viste dei samstundes noko som skjedde oppå alteret: I kyrkja (Maria) får ein nattverden (Jesus).

BILETA FRÅ JESU BARNDOM
I åtte sidefelt, fordelt med fire på kvar side og i to rekkjer finn vi bilete frå Jesu barndom. Mange er svært presise, vi kan slå opp i Bibelen og skriva tekst under. Slik er dette reine bilet-Bibelen bygd opp som ein teikneserie der ein byrjar øverst til venstre og les først øverste rad.
Det heile byrjar med bodskapen til Maria (2). Vi ser engelen Gabriel kjem overraskande på Maria, som er oppteken med å lesa ei bok. Ho snur seg undrande mot han. Han fortel henne kva som skal henda, ein bodskap engelen les frå ein skriftrull.
Det andre biletet viser møtet mellom Maria og Elisabeth. Dei to kvinnene står tett inntil kvarandre og fortel om løyndomane sine: Begge skal ha barn (3). Så går vi forbi hovudmotivet, og ser Jesu fødsel (4). Maria sit halvvegs oppreist i ei seng. Barnet ligg reiva i bakgrunnen, mellom oksen og eselet. Josef sit ved fotenden. Til slutt i øverste rekkje ser vi Josef som møter ein engel i ein draum (5).
Tek vi til i nederste rad, møter vi igjen ein engel. Her held han vernande om barnet, og Maria er med (6). Deretter ser vi dei tre austerlandskongane som kjem for å tilbe Jesus (7). Her spelar hovudmotivet på lag med sidemotivet, dei tre kongane ber gåvene sine fram for Maria og Jesus i hovudmotivet. Nestsist ser vi Jesu framstilling i templet (8). Josef ber fram to duer i ei korg, og Maria ber eit lys. Simon er der og får møta barnet. Det siste biletet viser Betlehemsmarkene julenatta (9).

ORIGINALEN OG KOPIEN
Biletet har antageleg kome til kyrkja før Svartedauden, men kanskje ikkje så mange år før. Ein stor produksjon gjekk føre seg i Bergen, nærare bestemt i Stretet. Gata, som no heiter Øvregaten, går frå Mariakyrkja og sørøver. Her heldt handverkarar av mange slag til, mellom anna malarar og snekkarar som måtte til for å laga antemensalene.
Reint teknisk er prosessen ganske omstendeleg. Dei fleste bileta er laga på eit furubrett av breie fjøler sett inn i ei ramme. Deretter er det strekt ein duk over, som er metta med hudlim. På dette vert det lagt eit grunningsstoff, som gjev ein overflate til å mala på. Malinga som var brukt i mellomalderen er tempera, altså fargestoff tilsett egg og plantesafter. Eit viktig element var gullet, som dekte store deler av overflata.
Kopien skal lagast på nøyaktig same måte. Solrunn Nes, som er i gang med arbeidet, brukar denne teknikken i det meste av sitt kunstnarlege arbeid. Ho er utdanna ikonmalar med studiar i m.a. Finland og Athen. Vidare har ho hovudfag i kunsthistorie, med spesialfelt ortodoks kyrkjekunst. For tida underviser ho på kunsthistorisk institutt, Bergen. Ho har røynsle frå arbeid med kyrkjeutsmykking, men denne typen arbeid ho no utfører, er sjølvsagt nytt for henne. Eit stort arbeid er allereie lagt ned i å finna tilbake til motiva. Solrunn Nes er svært nøye med å halda seg til tradisjonen både med biletframstilling og med sjølve handverket.
Derfor ser alt ut til å vera i dei beste hender, og Hamre kyrkje vert snart eit klenodium rikare. Men arbeidet etter dei tradisjonelle metodane er svært tidkrevande. Ikkje minst påføringa av alt gullet tek mykje tid. Men ein gong i 1995, i tusenårs-jubiléåret for kyrkja i Noreg, vert det ferdig. Så sant den finansielle sida av saka vert ordna, og elles ingen formelle ting kjem i vegen.