ARTIKKEL
Solrunn Nes 1998
Rekonstruksjon av alterfrontalen
i Tjugum kyrkje


Hausten 1995 kontakta Balestrand Folkeakademi på oppmoding frå Tjugum Sokneråd underteikna med tanke på å få utarbeidd ein rekonstruksjon av Tjugumfrontalen – ei gotisk alterutsmykking frå første halvdel av 1300-talet. Tjugumfrontalen inngår som ein av i alt 20 vestnorske frontalar i Kyrkjesamlinga på Bergen Museum. Oppdraget ville innebera kopiering av dei bevarte figurgruppene samt gjenskaping av dei tapte biletelementa.
Dei første praktiske førebuingane tok til hausten 1996, og eitt år seinare, i slutten av november 1997, vart den ferdige rekonstruksjonen levert. Arbeidet med å gjennomføra dette oppdraget skulle visa seg å bli ein svært krevande og omstendeleg prosess, både administrativt og kunstnarleg. Ragnar Myrland har vore pådrivar og kontaktperson under heile prosjektperioden.

Arbeidsprosessen
Tjugumfrontalen er malt på furu og måler 98,5 x 144,5 cm. Materiale og mål er dei same på den nye frontalen, men plankane er limte (ikkje nagla saman) og dei er smalare. Furuplata er avstiva på baksida av to tverrgåande labankar.
Overflata vart innsett fleire gonger med hudlim, trekt med ein tynn bomullsduk og lagvis grunna med ei blanding av hudlim, kvitt fargepigment og kritt. Etter grunning og sliping, kunne sjølve overføringa av originalmotivet ta til. Omriss av figurfelt med søyler og flettemønster vart målt opp og figurane plassert nøyaktig i forhold til kvarandre. Repeterande bladverk, takheller og tårn på toppen av nisjane vart teikna inn. Slik kom først den eksisterande ikonografien gradvis på plass – og sidan dei elementa ein måtte slutta seg til. Avbrotne linjer og fargefelt skulle førast vidare på ein sannsynleg måte der det mangla eit hovud, ei hand eller eit musikkinstrument. Til slutt fekk kvar helgen sitt latinske namn.
Rekonstruksjonen er ingen statisk kopi av Tjugumfrontalen, men ei sannsynleggjort gjengjeving som ber preg av malarens hand. Det ytre omrisset er overført ved hjelp av kalkerpapir, medan fargegjengjevinga i drakter og hudparti er gjort fritt etter “augnemål”. For å sikra kontinuerleg samanlikning, har detaljerte foto av originalen lagt ved sida av det feltet som har vore under arbeid.
Tekniske undersøkingar har vist at dei norske alterfrontalane er malt med oljefarge. Rekonstruksjonen av Tjugumfrontalen er utført i eggtempera – ein vanleg teknikk brukt ved maling på trepanel i mellomalderen. Fargepigmenta vert blanda med eit bindemiddel som er samansett av eggeplomme, vatn og eddik. Denne teknikken krev mange lag med farge for å dekka overflata. Det eine laget verkar inn på det neste fordi fargen er delvis transparent. Eggtempera eignar seg godt for å få fram fine linjer og fargeovergangar.

Motivet
Den Majestetiske Herren, Majestas Domini, dominerer midtfeltet. Kristus er framstilt i frontal heilfigur, trunande på regnbogen, omgjeven av ein åtteblada mandorla. Dei opplyfte hendene har tydelege sårmerke. Føtene, som også er sårmerkte, kviler på ein jordklode som er inndelt i tre felt. Desse felta representererer dei tre kjende verdsdelane i mellomalderen: Asia, Afrika og Europa.
Mandorlaen er omkransa av dei fire evangelistsymbola. Oppe til venstre er Matteus symbolisert som ein engel, til høgre er Johannes framstilt som ei ørn. Nede til venstre er Markus representert som ei løve, og til høgre ser vi Lukas i form av ein okse. Alle held ei skriftremse med sitt eige namn.
På kvar side av midtfeltet er tre musiserande figurar plasserte i firpassrammer. Frå venstre mot høgre kan instrumenta identifiserast som harpe, geige og handorgel. Figurane til høgre har fått “tildelt” instrument som vart brukte i mellomalderen fordi skade gjer at dei er gått tapt på originalen. Frå venstre mot høgre er instrumenta her rebek, lutt og harpe. Over og under desse musikantane finn vi grupper på tre ståande helgenfigurar.
Kvar helgen er innramma av ein treblada, gotisk arkitekturnisje og har fått attributt som bestemmer identi-teten. Attributtet samsvarar ofte med den martyrreiskapen som enda vedkomande helgens liv. På originalen er berre restar av dei latinske helgennamma bevart.
Opphaveleg hadde frontalen plass framfor alteret. Etter at frontalen miste sin liturgiske funksjon, vart den brukt som bordplate – oppå alteret. Dette må ha skjedd ein gong mellom reformasjonen og 1827, då frontalen kom til Bergen Museum. Over tid vart difor den malte treplata utsett for slitasje, særleg på midten. Grunnleggjaren av Bergen Museum, W. F. K. Christie, som fekk frontalen til museet, skriv: “Tavlen er, formedelst dens nu værende Brug til Bord, meget beskadiget af de svære Lysestager, som staar ovenpaa; imidlertid ere dog endnu hele figurer kjendelige, og naar den derfor med Forsigtighed blev optagen og indpakket, var den endnu ikke uden Værdie.”

Triumf og liding
I tidleg mellomalder var det vanleg å framstilla Kristus som den triumferande himmelherskaren. Også på krossen opptrer Kristus som herskar. Dødens overvinnar er ofte utsyrt med kongekrune, og kroppen ber ikkje preg av liding. Augo er opne, armane strekte rett ut og føtene parallelle. Døme på eit slikt triumferande krusifiks finn vi i Urnes stavkyrkje.
Utover i høg- og seinmellomalderen endrar dette seg. Den krossfeste får eit meir og meir lidande uttrykk. Kongekruna vert bytt ut med tornekrune, augo er lukka og hovudet bøygd. Kroppen vert meir vridd og heng tungt etter armane. Føtene er kryssa og festa med ein nagle.
På fleire av dei norske alterfrontalane finn vi variasjonar over dette temaet. Krossfestingsscenen dominerer i midtfeltet, supplert av ulike motiv frå lidingssoga på kvar side. Frontalane frå Leikanger og Røldal har slike biletprogram.
På Tjugumfrontalen ser vi ein kombinasjon av triumf- og lidingstemaet. Ein majestetisk Kristus, herskaren over himmel og jord, viser fram sine sårmerkte hender og føter - teiknet på den lidinga han har gjennomlevd på krossen. Slik vert to ulike sider ved Kristi person representert samtidig. Den Kristus som kyrkjelyden ser på frontalen er både den miskunnsame frelsaren som leid og døydde for menneska, og den myndige dommaren som skal koma att for å døma levande og døde.

Sann Gud – sant menneske

Frontalen synleggjer sentrale dogmatiske sanningar som Kyrkja har formulert i truvedkjenninga: Kristus er både sann Gud - fødd av Faderen før alle tider, og sant menneske - fødd av Jomfru Maria. Apostelen Paulus, som også er framstilt på frontalen, skriv om denne veldige spennvidda i Kristi person:
“Då han var i Guds skapnad, heldt han det ikkje for eit rov å vera Gud lik. Men han gav avkall på sitt eige, tok på seg ein tenars skapnad og vart menneske lik. I si ferd var han som eit menneske; han nedra seg sjølv og vart lydig til døden, ja, døden på krossen. Difor har Gud storleg opphøgd han og gjeve han det namn som er over alle namn, så kvart kne skal bøya seg i Jesu namn, i himmelen, på jorda og under jorda, og kvar tunge skal sanna til Gud Faders ære at Jesus Kristus er Herre” (Filip. 2, 6-11).

Liturgisk funksjon

I tillegg til å utsmykka kyrkjerommet og å minna kyrkjelyden om det kristne trusinnhaldet, hadde alterfrontalen i katolsk tid også ein liturgisk funksjon. Som namnet tilseier, var den fysiske plasseringa av frontalen framfor sjølve alterbordet. Ordet antemensale, som også vert brukt i omtalen av denne spesifikke kyrkjekunsten, er sett saman av to latinske ord: ante mensa, som tyder framfor bordet.
Alteret utgjer kyrkjerommets kultiske sentrum. Når eit kunstverk er knytt så direkte til alteret, staden der Kristi offerdød vert gjort nærverande, medverkar det til å understreka dette sakramentale aspektet. På alteret vert brødet og vinen forvandla til Jesu lekam og blod, den Jesu lekam som leid, døydde og stod opp att, og som kyrkjelyden ser avbilda på frontalen. Kunst og liturgi viser til kvarandre.
Mellomalder og notid
Det har gått omlag 600 år sidan Tjugumfrontalen kom til den gamle kyrkja. Det er rimeleg å tru at frontalen vart malt i Bergen, nærare bestemt i Øvregaten, der malarane hadde tilvist plass saman med andre handverkarar. Malarane arbeidde i verkstader, under leiing av ein meister. For å sikra kvalitet og gjenkjenning, brukte dei mønsterbøker og modellar. Slik vart konvensjonen vidareført, samtidig som kvar malar hadde sitt eige preg.
Ein interessant detalj på Tjugumfrontalen er at Peter først vart utstyrt med ein Andreas-kross. Sidan har malaren ombestemt seg og gjeve Peter nøklar. Dette viser frå rissing i grunninga.
Når ein rekonstruksjon no kjem på plass i Tjugumkyrkja – i ei anna tid og i ei ny kyrkje – vitnar det om vilje til kontakt med dei åndelege røtene i lokalmiljøet. Det gotiske formspråket har kvalitetar som kommuniserer eit religiøst meiningsinnhald på ein direkte og dekorativ måte. Den ytre ramma som den nye, gjenskapte frontalen no går inn i, skil seg på mange måtar frå den opphavelege situasjonen. Overgangen frå katolisisme til lutherdom markerer eit kyrkjehistorisk vendepunkt med store konsekvensar. Men om kyrkjeordning og liturgi har endra seg sidan mellomalderen, er grunnstrukturen i gudstenesta framleis den same. Bilettemaet på frontalen er eit synleg uttrykk for ein felleskristen arv som appellerer til mange moderne menneske, både estetisk og innhaldsmessig.